FAI-2 tevling på Sunnmøre

Då har vi den udelte glede å kunne meddele PG Norge at vi har fått innvilga FAI-2 status for årets Masters of the Strong Lift. Tevlinga vert gjennomført i 25-27(28) mai med base frå, og i samarbeid med Strandafjellet og Stranda Hotel. Vi har store ambisjoner og forhåpninger for denne helga så merk av helga i kalenderen din og følg med her for fleire detaljar, program og påmelding i vekene som kjem.

105 minutter i termikk, i Norge, i desember .. no problem!

I desember er det mange som må reise til sydligere strøk for å flyge termikk, men vi i Team XC lanserer no eit meir kortreist reisemål; Sunnmøre, nærmare bestemt Hjørungavåg og Hareid.

Teampilotane Oddvar og Leif Gunnar flaug nært på to timar i relativt frisk sjøtermikk i går, ingen i Norge (sjølv ikkje med PPG) fekk meir airtime enn Team XC i går. Sjølvaste Ronny Helgesen fekk nokre få minutt meir, men han er då sjølvsagt i Mexico..

Sjekk ut logg + track her: Oddvar og Leif Gunnar

Om der er interesse for det på FB så kan det hende der kjem bilder og film frå turane etterkvart.. ta kontakt med ditt lokale reisebyrå for å arrangere din neste PG tur; sjøtermikken og parasolldrinkane på Sunnmøre ventar på deg 🙂

Frå Bulgaria til Hellas med Yassen Savov

Det er alltid inspirerande og interessant og lese godt skrivne og illustrerte artiklar om vellukka XC flyging, her er ein artikkel som Yassen Savov har skrive og publisert frå sin rekordtur frå Bulgaria til Hellas (med Euro i lomma :-))

Artikkelen

Teamflyging frå Salknappen til Bjorli

Kåre Georg er verkeleg i støtet om dagen og sette like godt to nye personlege distanserekordar frå Rikssenteret i forrige veke. Den siste av desse på småfine 72 km, det er slett ikkje verst for ein som har floge berre innanlands og hatt sertifikat i 2 år. Med seg på turen denne dagen hadde han dei meir rutinerte ringrevane Oddvar og Robert.

Robert har klippa saman ein staseleg film frå turen, og den må dykk berre få med dykk.

Bli med på rekordturen

God morgon, inviterer herved alle våre lesarar til å verte med Brynhild og meg og gjenoppleve turen i går i fort film ved å følge oss i Doarama. Vi har også eit ønske om å lage ein film der vi også tek med dei andre som flaug i lag med oss på denne turen, så dei av dykk det gjeld og som ikkje har motforestillingar kan sende inn IGC fila si til post@teamxc.no.

Men først; klikk på fullscreen og skru opp lyden, musikken er den svært passande Rely On Thermal Winds av Seas of Years.

Ny norsk rekord med tandem

I dag hadde eg gleda og privilegiet å flyge til ny norsk rekord med tandem i lag med Brynhild Jorid Rotvold. Den 74,7 km lange turen frå Espesetra til rett forbi Hunderfossen var ei forbetring på 12,7 km av den 5 år gamle rekorden som Lennart Artman flaug frå Liagardane til Gulsvik.

Kjekt å ha med seg heile familia på tur og kunne dele slike dager med dei, ein stolt Henrik i lag med Brynhild og meg på bildet.

Det var ein tidvis krevande dag som stilte sine krav både til pilot og passasjer, så no tek vi kvelden. Det kjem meir info og film etterkvart.

Link til loggen.

Tom Salamonsen og Bjørn Ole Haugsgjerd set ny FAI rekord

Vi bøyer oss i støvet og gratulerer Tom Salamonsen og Bjørn Ole Haugsgjerd med imponerande og inspirerande ny norsk rekord i FAI triangel, sett i dag.

Karane starta frå Bavallen i Voss og flaug først til Gudvangen før dei flaug nesten til Solsævatnet ved Ulvik på sin totalt sett nesten 111 km lange tur. Den nye rekorden var deklarert til 91 km og er då ei forbedring av Team XC sin nesten eitt år gamle rekord frå Stryn på gode 7 km. Biletet av Tom som landar i Voss etter nesten 6 timar i lufta er teke av Roar Gaulen og vi har nappa det frå FB profilen hans.

Link til Bjørn Ole Haugsgjerd sin logg her.

Bli med og flyg FAI trekant frå Bondalseidet i dag

God morgon, kort varsel, men slik er det med vestlandsveret. Vi har planlagt og deklarert eit 67.5 km langt FAI (Yassen) triangel med start og mål på Bondalseidet i dag. 

Alle med riktig sertifikatnivå som kjenner seg kapable er velkomne til å vere med og gjere eit forsøk, vi kjem til å dukke opp rundt 1100 på start og vil ta starten og forsøke å flyge mest mogleg samla frå Bondalseidet når høva ser som best ut.

PP2 som treng det får utsjekk av Leif Gunnar Brandal (90956334) ved å møte opp ved kiosken kl 1100.

Alle som flyg i lag med oss må ha fungerande radiosamband på som er funksjonstesta før starten og ha installert WhatsApp for inn/utmelding av turen slik at vi har kontroll på alle som er med til slutt:

  1. Meld deg inn i Team XC si gruppe ved å klikke denne linken frå din smarttelefon: https://chat.whatsapp.com/HglZ4nJ5Oa7GIQSZZeANjg
  2. Om du landar ute og treng hentehjelp så sender du posisjonen til gruppa direkte frå appen (trykk binders og location/posisjon), så kan det hende at du vert henta 🙂 då veit vi ihvertfall kor du er og at du er OK.
  3. Når du har landa for dagen og er trygt i bilen melder du deg ut av gruppa i frå appen på telefonen slik at vi veit at du er trygg når vi tel opp etter avslutta dag.

Last ned vendepunktfila for dagens oppgåve her: fai-bondalseidet-grodås-norang.wpt

Konkurranseformane i Masters

God dag,

Vi har som ein av våre ambisjonar med Masters arrangementa våre å skape arrangement som har konkurranseformer som er litt atypiske og som kanskje kan friste pilotar som normalt sett ikkje deltek i konkurransar,  som til dømes Norgescupen, til å gjere eit forsøk.

Det å delta i konkurransar er bra for å utvikle flygeferdigheiter og det er sagt at ein time i konkurranse er verdt 50 timar med friflyging, og det er faktisk i mange tilfelle også sant.

Du kan lese meir om konkurranseformene vi har no til helga under fana Konkurranse inne på arrangementssidene.

Vel møtt på Strandafjellet til helga 🙂

Stort antal demovingar å prøve

God formiddag,

Ei kjapp oppdatering frå Team XC, vi har no fått på plass den endelege lista over demovingar som vert tilgjengelege for test under Masters og vi har veldig mange spanande vinger å sjå fram til. Dudek, Skywalk og GIN ønsker alle å ta marknadsandelar i det lukrative norske marknaden og stiller sterkt på dette første arrangementet av sin art i Noreg.

No voner vi at publikum vil stille mannsterke opp for å lære meir om desse vingeprodusentane og deira produkt og filosofi og kanskje også du ender opp med å finne din nye favorittvinge?

Alle produsentar med representasjon i Noreg har vorte inviterte men det passa dessverre ikkje for alle å stille denne helga, men dei fleste har lova å stille mannsterke til neste års arrangement. Så no er det opp til PG Norge å bestemme om dette er noko vi ønsker skal ha ei framtid.

Arrangementet si nettside har vorte oppdatert med fana Demo , der finn du alle vingane… spring og kjøp, våren er her 🙂