Bli med og flyg FAI trekant frå Bondalseidet i dag

God morgon, kort varsel, men slik er det med vestlandsveret. Vi har planlagt og deklarert eit 67.5 km langt FAI (Yassen) triangel med start og mål på Bondalseidet i dag. 

Alle med riktig sertifikatnivå som kjenner seg kapable er velkomne til å vere med og gjere eit forsøk, vi kjem til å dukke opp rundt 1100 på start og vil ta starten og forsøke å flyge mest mogleg samla frå Bondalseidet når høva ser som best ut.

PP2 som treng det får utsjekk av Leif Gunnar Brandal (90956334) ved å møte opp ved kiosken kl 1100.

Alle som flyg i lag med oss må ha fungerande radiosamband på som er funksjonstesta før starten og ha installert WhatsApp for inn/utmelding av turen slik at vi har kontroll på alle som er med til slutt:

  1. Meld deg inn i Team XC si gruppe ved å klikke denne linken frå din smarttelefon: https://chat.whatsapp.com/HglZ4nJ5Oa7GIQSZZeANjg
  2. Om du landar ute og treng hentehjelp så sender du posisjonen til gruppa direkte frå appen (trykk binders og location/posisjon), så kan det hende at du vert henta 🙂 då veit vi ihvertfall kor du er og at du er OK.
  3. Når du har landa for dagen og er trygt i bilen melder du deg ut av gruppa i frå appen på telefonen slik at vi veit at du er trygg når vi tel opp etter avslutta dag.

Last ned vendepunktfila for dagens oppgåve her: fai-bondalseidet-grodås-norang.wpt