Bli med på rekordturen

God morgon, inviterer herved alle våre lesarar til å verte med Brynhild og meg og gjenoppleve turen i går i fort film ved å følge oss i Doarama. Vi har også eit ønske om å lage ein film der vi også tek med dei andre som flaug i lag med oss på denne turen, så dei av dykk det gjeld og som ikkje har motforestillingar kan sende inn IGC fila si til post@teamxc.no.

Men først; klikk på fullscreen og skru opp lyden, musikken er den svært passande Rely On Thermal Winds av Seas of Years.

Ny norsk rekord med tandem

I dag hadde eg gleda og privilegiet å flyge til ny norsk rekord med tandem i lag med Brynhild Jorid Rotvold. Den 74,7 km lange turen frå Espesetra til rett forbi Hunderfossen var ei forbetring på 12,7 km av den 5 år gamle rekorden som Lennart Artman flaug frå Liagardane til Gulsvik.

Kjekt å ha med seg heile familia på tur og kunne dele slike dager med dei, ein stolt Henrik i lag med Brynhild og meg på bildet.

Det var ein tidvis krevande dag som stilte sine krav både til pilot og passasjer, så no tek vi kvelden. Det kjem meir info og film etterkvart.

Link til loggen.

Bli med og flyg FAI trekant frå Bondalseidet i dag

God morgon, kort varsel, men slik er det med vestlandsveret. Vi har planlagt og deklarert eit 67.5 km langt FAI (Yassen) triangel med start og mål på Bondalseidet i dag. 

Alle med riktig sertifikatnivå som kjenner seg kapable er velkomne til å vere med og gjere eit forsøk, vi kjem til å dukke opp rundt 1100 på start og vil ta starten og forsøke å flyge mest mogleg samla frå Bondalseidet når høva ser som best ut.

PP2 som treng det får utsjekk av Leif Gunnar Brandal (90956334) ved å møte opp ved kiosken kl 1100.

Alle som flyg i lag med oss må ha fungerande radiosamband på som er funksjonstesta før starten og ha installert WhatsApp for inn/utmelding av turen slik at vi har kontroll på alle som er med til slutt:

  1. Meld deg inn i Team XC si gruppe ved å klikke denne linken frå din smarttelefon: https://chat.whatsapp.com/HglZ4nJ5Oa7GIQSZZeANjg
  2. Om du landar ute og treng hentehjelp så sender du posisjonen til gruppa direkte frå appen (trykk binders og location/posisjon), så kan det hende at du vert henta 🙂 då veit vi ihvertfall kor du er og at du er OK.
  3. Når du har landa for dagen og er trygt i bilen melder du deg ut av gruppa i frå appen på telefonen slik at vi veit at du er trygg når vi tel opp etter avslutta dag.

Last ned vendepunktfila for dagens oppgåve her: fai-bondalseidet-grodås-norang.wpt

Konkurranseformane i Masters

God dag,

Vi har som ein av våre ambisjonar med Masters arrangementa våre å skape arrangement som har konkurranseformer som er litt atypiske og som kanskje kan friste pilotar som normalt sett ikkje deltek i konkurransar,  som til dømes Norgescupen, til å gjere eit forsøk.

Det å delta i konkurransar er bra for å utvikle flygeferdigheiter og det er sagt at ein time i konkurranse er verdt 50 timar med friflyging, og det er faktisk i mange tilfelle også sant.

Du kan lese meir om konkurranseformene vi har no til helga under fana Konkurranse inne på arrangementssidene.

Vel møtt på Strandafjellet til helga 🙂