Masters of the Strong lift 2017

At termikken kjem først til Sunnmørsalpane, det er ei kjennsgjerning, og vi følger opp suksessen frå i fjor haust med eit nytt arrangement for paragliderfolket. Helga 24-26 mars tek vi over Strandafjellet og gjer det til PG fjellet.

Vi har ambisjon om at vårt arrangement ‘Masters of the Strong lift’ skal vere den offisielle opninga av termikksesongen i kongeriket, og sjølv om veret kan vere lunefullt så legg vi opp til ei heil helg med paragliding i forhåpentligvis gode termiske forhold og mykje folk.

Arrangementet skal bli den naturlege staden å møte folk til sesongstart og vi prøver å få til eit arrangement som folk vil velge å reise til også frå andre stader i landet.

Vi arbeider med eit svært innhaldsrikt program som i tillegg til konkurransar for alle PP klassar trulegvis vil kunne by på distanseteori/kurs, aktuelle foredrag med meritterte distansepilotar, filmframsyning og naturlegvis bankett og premiering.

Vi har invitert alle PG produsenter med representasjon i Norge til å komme for å bemanne ei minimesse samt utforda dei til å ta med demovingar og anna utstyr samt teft for gode messetilbod. Mange har allerede takka ja til invitasjonen og der blir mange spanade vingar og selar og prøve ut for den som det vil.

Vi arbeider tett saman med Strandafjellet og Stranda Hotell som er svært positive og interesserte i at våre arrangementer skal bli suksesshistorier noko dei bidreg sterkt til ved å tilby oss gode «dealer» på sine tenester.

Vi har også et håp om at dette arrangementet kan bli eit arrangement der det er naturleg for pilotane å ta med familien til, paragliding er ein aktivitet som tek mykje tid vekk i frå familielivet til mange, men her på Stranda er det flotte fasiliteter for familiar med symjebasseng og ikkje minst svært gode skiforhold dersom vi skulle vere maks uheldige med veret denne helga.

06:00
07:00
08:00
09:00
10:00
11:00
12:00
13:00
14:00
15:00
16:00
17:00
18:00
19:00
20:00
21:00
22:00
23:00
00:00
Fredag 24 mars
Fredag 24 mars
Soloppgang
Distanseteori av og med sjølvaste Ronny Helgesen
09:00 - 11:30
Stranda Hotell
Lunsj
12:00 - 13:00
Tryggleiksbrief frå sikkerheitsansvarleg
Distanseflyging med instruktørar for PP4/5, friflyging PP2/3
13:30 - 16:00
Sunnmørsalpane
Minimesse
16:00 - 19:00
Stranda Hotell

Vi har invitert alle vingeprodusentane som har lokal representasjon i Norge til å kome og ta med nye produkter og tilbud til deltakarane. Oversikt over kva vingar som kan bestillast demo på kjem på eiga liste.

Solnedgang
Introduksjon av Team XC og Masters
Storytime med sjølvaste Frode Halse
19:30 - 21:00
Stranda Hotell

Frode Halse kjem og held innlegg frå si lange og innhaldsrike flygekarriere, det vert og forteljingar frå boka hans; Skysug og truleg også mogleg å kjøpe boka for den som ikkje allerede har den samt få den signert. Frode driv nettstaden www.fridistanse.no og er ein av dei mest røynde og meritterte distansepilotane vi har i kongeriket, han har vore i gjennom det meste i si lange karriere og vi er veldig glade for at han vil kome og dele av sine erfaringar med oss.

Team Monkeybiz - sjølvaste Tom Salamonsen
21:00 - 22:30
Stranda Hotell

Tom er ein av dei aller fremste distanse- og ekspedisjonspilotane i Noreg, vi kan alle glede oss stort til å høyre han fortelje om sine beste opplevingar og kanskje han også vil lette litt på sløret for kva planer Team Monkeybiz har for den komande sesongen og om dei knallharde kriteria for opptak til teamet. Anbefaler alle å sette seg ned og lese over loggen til Tom, den er berre marginalt mindre underhaldande enn den er imponerande, lærerik og inspirerande. Link til loggen .

Laurdag 25 mars
Laurdag 25 mars
Soloppgang
Tryggleiksbrief frå sikkerheitsansvarleg
Masters of the Strong lift 2017
09:30 - 19:00
Sunnmørsalpane
Solnedgang
Movie time: North of Known (Gavin McClurg & Dave Turner)
19:30 - 21:00
Stranda Hotell

Vi har europeisk urpremiere på dokumentarfilmen til Gavin som dokumenterer den mest ekstreme Vol-Biv turen nokonsinne fanga på film, langs The Alaskan Range. Denne gler vi oss veldig til 🙂

Bankett og resultater
21:00 - 23:00
Stranda Hotell

Demovingar

Dudek og Skywalk satser hardt på å vinne marknadsandelar i det lukrative norske vingemarkedet og kjem med mange nye og gode vingar for demo, send inn liste til post@teamxc.no over kva vingar og ustyr du ønskjer å teste i løpet av helga så kjem deira sine representantar til å ta kontakt med deg for å avtale tidspunkt for din demo. Kanskje første anledning for å teste to-linar for dei som har nok erfaring til det? Det er opp til deg no 🙂
Produsent/modellEN-VektområdeType
Dudek Nemo XX 25A70-90PG
Dudek Nemo XX 28A85-110PG
Dudek Orca XX 41B120-220Tandem PG
Dudek Universal 28BKombi PG og PPG
Dudek Coden Pro 20CCC80-85Ny to-liner
Dudek Coden Pro 23CCC95-115Ny to-liner
Dudek Optic 2 26B75-100PG
Dudek Colt 2 25C85-105PG
Dudek Freeway 22D55-100Freestyle PG
Dudek Mach 1.155-110Acro PG
Skywalk Poison X-Alps SD85-105Lettvekts PG
Skywalk Spice SC85-105Lettvekts PG
Skywalk Chili 4 MB (high)95-115PG
Skywalk Chili 4 SB (high)85-105PG
Skywalk Cayenne 5 SC85-105PG
Gin Explorer MB (high)85-110PG

I tillegg kjem der til å vere med demoutstyr av forskjellig anna art som hjelmar, varioar og seletøy. Skywalk Range Air M og Skywalk Flex M mellom anna.

Det er viktig for oss  at våre Masters konkurranser ikkje berre vert ein kopi av dei vanlege konkurranseformane vi har i Noreg. Vi har mange og gode konkurransar som går på vendepunkt og tid, det er ikkje det vi legg opp til for Masters. Vi vil at våre konkurransar skal vere eit lavterskeltilbod som gjer at fleire skal kome i gong med konkurranseflyging på eit avslappande og trygt nivå. Videre så er det distanseflyging vi driv på med, og sjølv om fart er ein viktig faktor for kor langt ein kjem i løpet av ein dag så vel vi å ikkje ha fokus på dette.

PP4 og PP5

Maks 5 punkts konkurranse. Målet er å flyge ein lengst mogleg total distanse via 5 punkt som piloten sjølv set, basert på korleis dagen er og korleis den utviklar seg. På ein god dag satsar ein stort og på ein dårlegare dag meir konservativt. Denne konkurranseforma opnar for stor grad av individualitet og kan gi overraskande resultatlister til slutt, då det er fort gjort at kanonene satsar for stort og bustar før 1 vendepunkt medan ein ferskare pilot satser mindre og flyg 5 punkt lokalt og vinn dagen.

PP3 Mest tid i lufta

PP2 Flest antall turer i løpet av dagen

Fellesbestemmelsar

  • Alle som deltek i konkurransane må ha logga på Flightlog innan kl. 1930 konkurransedagen
  • Restart er tillete, den beste turen vert gjeldande i konkurransen for PP4/5
  • Alle må sette seg inn i gjeldande luftromsreglar samt delta på tryggleiksbriefen denne dagen.
    Det vert kåra ein Master innanfor kvar sertifikatklasse, vinnarane kan titulere seg som Master of the Strong lift fram til neste års utgave.. og lenger om ein evner å forsvare tittelen.

Då er vi endelig klare for å ta i mot bestillingar for denne langhelga, for å gjere det så enkelt som mogleg har vi delt inn i to pakkar som har alt inkludert, ein frå fredag-søndag og ein frå laurdag til søndag. Dersom nokon kun ønsker å kome og delta på enkeltdagar utan overnatting og måltid gjeld prisane underst.

Fredag-Søndag full pakke (3200,- i dobbeltrom +300 for enkeltrom)
Her får du 2 netter på Stranda hotell, lunsj fredag og laurdag, middag fredag og bankett med 3 retters på laurdag, deltaking på alle programpostane samt fri tilgang til fjellet, sauna og basseng. For andre voksne som er med som ikkje skal flyge kostar det 2100,- og barn 1050,-

Laurdag-Søndag full pakke (1900,- i dobbeltrom +150 for enkeltrom)
Samme som over, men kun ei natt, bankett og lunsj. For andre voksne som er med som ikkje skal flyge kostar det 1050,- og barn 525,-

Deltaking utan overnatting og måltider (Studenter og pensjonister 50%)
Fredag til søndag (1500,-)
Laurdag til søndag (1000,-)
Kun fredag (750,-)
Kun laurdag (750,-)
Kun søndag (250,-)

Kun friflyging pr. dag (250,-)
Banketten pr. person (450,-)

Så bestem deg for kva som passar deg best, summer saman og send di bestilling med namn og mobilnummer til post@teamxc.no og overfør deretter summen via Vipps til Team XC #75706 eller til vårt kontonummer 1210.04.50222