Ny norsk rekord i Stryn

Førebuingar

Det vart nokre timar med Google Earth og XC Planner før eg fann ein eigna plass for eit forsøk. Lagnaden ville det slik at denne staden skulle bli i mitt eige nærområde, Stryn. Ruta starta med ei  sørvendt fjellrekke innover Strynsvatnet med ein vestvendt retur, så planen var lagt med optimal solvinkel heile dagen.  I tillegg er det mindre enn 2 timer fra døra heime til start. Eg leika lenge med tanken på 100 og 120 km, men såg at det då ville blitt vesentleg vanskelegare. Men sidan planen var å få med meg flest mogleg av mine flykompisar heile vegen så valgte eg den kortaste varianten, denne gongen.

Våren 2016 gikk stort sett med til nitid studering av vermeldingar og finpuss av ruta samt meir detaljert studie av topografien og vurdering av mikrometerologien langs heile ruta. April gikk og mai kom utan at den rette dagen dukka opp, og eg visste at dersom ruta skulle la seg flygast måtte det skje innan midten av juni på grunn av solgangsbrisen og høg stabilitet langs kysten under i tida etter St. Hans.

Byrja å sjå på ein torsdag ca. ei veke fram i tid i midten av mai. Det kom eit høgtrykk inn frå VSV med lite vind for påfølgjande torsdag og fredag. Da visste eg at ein av dei to dagane måtte det bli. Når veka kom og det nærma seg vart torsdagen valt, det var meldt god termikk løftet skulle toppe ut på ca. 2100 moh med kun termisk vind i meldingane.

Sjølve dagen

Når sjølve dagen kom viste den seg blå utan kondensering av skyer. Trykket var høgt, men den kombinasjonen pleier å fungere godt på våren. Eg var litt skeptisk med tanke på harde forhold i det lite nødskjerm-venlege terrenget. Det var meldt nokon inversjonar som skulle løyse seg opp i løpet av dagen.

Og omtrent slik vart det.

På kort varsel fekk  eg lokka med meg nokre av dei beste distansepilotane på Sunnmøre; Jens Petter Fauske, Oddvar Rise, Arne Christian Jensen og utflytta sunnmøring Ronny Myklebust.

Der vart også med ein gjeng med kjekke og flinke pilotar for å friflyge; Kåre Georg Myklebust, Jan-Kåre Hovden og Stian Volstad som alle fikk oppleve den flotte naturen her på Stryn.

Delar av turen gikk i Sogn TIZ/TMA. Dagen før ringte eg til Stavanger Kontroll som har ansvaret for dette luftrommet. Der vart eg nøydd til å prate med sjefen sjøl, sidan dei andre var veldig usikre på kva dei kunne tillate  Forklarte at det var norgesrekord på gong og at vi trengte meir høgde for å gjere eit realistisk forsøk. Han var 100% positiv og skulle informere sine luftromskontrollører om forsøket.

Når eg så dagen etter ringte til Stavanger Kontroll var det nok å berre presentere seg, då visste dei kva eg ville og dei hadde full kontroll på kva vi trengte av luftrom, så sjefen hadde tydelegvis gjort ein god jobb for oss.  Dei ville ringe i løpet av dagen for å høyre kvar vi var i området.  Og dei ringte ikkje mindre enn tre gonger i løpet av turen og var veldig ivrige på å høyre kor vi låg an i løypa. Siste gangen dei ringte hadde vi akkurat landa på Stryn Stadion og eg fekk inntrykk av at dei var akkurat like glade som det vi var. Kjekt at dei har interesse for sporten vår. Vi fekk gratulasjonar og vi vart ynskte velkomne tilbake for å flyge meir.

Turen

Vi starta rett aust for Stryn Skisenter. Det tek  omlag 40 min å gå til starten, som ligg på rundt 800 m.o.h. Det var ingen av oss som hadde floge her tidlegare så det eineste vi hadde sett av starten var via Google Earth. På turen opp kjente vi allereie svak termikk inn frå solsida, men etter kvart som vi kom høgare og nærma oss snøgrensa så byrja bakvinden å  ta over, (ugunstig med store snødekte fjell bak starten, då det ofte fører til kaldras (bora) frå fjella) men eg hadde heile tida trua på at termikken skulle greie å overvinne kaldraset.

 Klokka 1230 begynte det å puste innpå, ca. 20 min etter det, drog eg i A-riserne og flaug ut i lufthavet. Kvass høgtrykkstermikk vart eg møtt med. Og halve- og stundom berre kvartsvingar i løft, men i sum gjekk det likevel oppover, men det var krevande å vinne høgde. Dei andre kom ut i tur og orden, og til slutt fikk vi nok høgde til å stikke ut for å ta startpunktet, som eg hadde plassert på ein låg kolle nord for sentrum for å gjere det enklere å ta målpunktet mot slutten av dagen i det som då trulegvis ville vere svakare forhold.

Det var heller dårleg lagflyging i starten, men vi fekk samla oss etter få kilometer og flaug det meste av turen samla. Termikken vart noko betre utover dagen men vi fekk aldri noko særleg god høgde. Det var ein tydeleg inversjon på om lag 1550 moh, som er relativt lavt med tanke på at fjella i området ofte er rundt 1600 moh., men akseptabel arbeidshøgde sjølv om vi tidvis kom litt nær topografien i den tidvis kvasse termikken.

No var turen verkeleg i gang, eg sat med ei god kjensle på at dette kom til å halde allereie frå starten. Det var tett mellom boblene, men krevjande flyforhold. Låg til tider lågt over steile svarte vegger på fleire hundre meter i turbulent luft. Nokre stader veit ein at oddsa for å kome godt frå eit nødskjermkast er svært dårlege,  og der var mange slike stader langs ruta, men vi prøvde så godt det lot seg gjere å berre skli forbi dei mest skremmande områda med andakt og heller ta løftet der terrenget var litt meir tilgjevande.

Men du verden for ein oppleving det er å flyge i desse majestetiske omgjevnadane i lag med gode flykompisar. Ein gløymer litt bort det alvorlege terrenget ein flyg i når den på samme tid er så vakker. Men så rykker det brått til i riserne og ein kjem fort tilbake til realiteten om at det er tryggast å halde fullt fokus på duken og å flyge vingen aktivt. Det er ikkje så mykje rom for å drøyme seg bort.

Knallblå skyfri himmel, snødekte fjelltoppar og grøne fjellsider. Strynsvatnet var speilblankt og eit perfekt spegel for himmel og fjell. Du veit at du er priviligert som kan gli lydlaust rundt fjelltoppane i slik vakker natur på ein heilt alminneleg forsommardag i mai, medan folk flest skundar seg frå eller til arbeid eller henting/levering i barnehage. Paragliding er verkeleg noko heilt unikt.

Vi nådde etter kvart vårt andre vendepunkt som låg ved Folva, eit lite stykke vest for Stryn Sommarskisenter. Vi snudde der tilbake vestover mot Stryn, og dagen hadde då vorte enda litt betre med heile bobler og mindre turbulens. Naturen er fortsatt like vakker og gjer det vanskeleg og konsentrere seg 100% om det flytekniske. Det gjekk litt raskare tilbake til Stryn, der Kåre Georg som flaug lokalt over starten, markerte ei solid boble som tok oss høgt nok til å krysse over dalen og fjellet til solsida ved Loen.

Kom med grei høgde inn over fjellet før Loen. Der fekk vi gjort oss godt kjent med dagens kanskje mest brutale, turbulente boble, men med fint terreng under gjorde det heile til en leik. Vi naut løftet og utsikta som opna seg for oss sørover mot den djupe Oldedalen og innover Jostedalsbreen. Vi tok oss ut grei høgde og kryssa over fjorden mot Olden. Sikta meg inn på ei vestvendt fjellside som også fungerte fint. Derifrå var det enkel flyging inn til Briksdalen.

Du verda for ei oppleving denne turen viste seg å verte. Mot aust hadde vi Jostedalsbreen, lenger aust såg vi Jotunheimen med sine spisse tindar. Under oss hadde vi steile fjellsider på over tusen høgdemeter og brearmar som hang ned under oss. Fjella her er ca. 1600 meter høge. I botnen av dalen var det sommar, i fjellsidene var det vår men der vi svevde var det full vinter, iallefall temperaturmessig. Eneståande kontrastar.

Vi nådde etter kvart fram til vårt tredje vendepunkt og retta opp gliderane mot nord. Her fann eg dagens beste boble som tok meg opp til nesten 2100 moh. Frå då av vart flyginga enkel, med god høgde og gode bobler, ingen turbulens og berre kos. Forstod no at om vi greide å gjere dei rette vala resten av turen, var rekorden innan rekkevidde.

Fann ei svak boble før siste fjordkryssinga mot Loen. Her var det viktig at vi fekk god høgde då vi snart skulle over i ei sørvendt fjellside utan særlig gunstig solvinkel seint på dagen. Vi ville helst komme inn på fjellet der sola hadde grei vinkel. Vi var tålmodige og fekk etterkvart nok høgde til å kome inn over toppen av neste fjell, kor verdas rolegaste 2’ar boble tok oss opp i meir enn god nok høgde til å ta oss inn over Stryn sentrum kor vi tok målpunktet.

Det var svært god stemning blant oss fire gjenverande (Arne Christian har ein draum om å krysse Strynefjellet og såg sitt stikk til å freiste det frå andre vendepunktet) og vi jubla alle saman av glede når vi sklei inn over målstreken. Vi kjende ei kollektiv kjensle av lukke, både over den nye norgesrekorden, men kanskje mest over den kollektive innsatsen. Men det viktigaste av alt, at vi kjende på kjenslen av å ha brukt naturen, floge lydlaust gjennom lufta, ved berre bruk av naturkrefter til framdrift, og gleda ved å gjere det i lag med andre gode pilot venner.

Ønsker å takke alle som var med meg på denne turen!

PS! Ikkje mange minutta etter landinga var vi på veg til Heidalen for ny deklarasjon dagen etter, då ein 119 km fridistanse frå Heidalen og ned Romsdalen, ein av oss kom i mål, men det er ei anna historie.

Under her finn dykk Oddvar Rise sin film frå turen, samt eit utval av bilete han tok undervegs, vel verdt å bruke ein liten halvtime på.

Denne artikkelen er også publisert i FriFlukt 01-2017

Leif Gunnar Brandal (lgb@teamxc.no)