Då er vi klare til å ta i mot påmeldingar til årets Masters of the Strong lift

No har vi endeleg fått spikra dei fleste detaljane rundt årets arrangement, og vi er klare for å ta i mot dykkar påmelding til 2018 Masters of the Strong lift du finn meir informasjon om heile arrangementet samt påmeldingsskjema ved å klikke på linken i denne saka, på logoen til høgre her eller i menyen over.

Vi har stått på i nært samarbeid med Strandafjellet og Stranda Hotel for å snekre saman eit arrangement som vi sjølve er veldig nøgde med og som vi sjølve også gjerne kan tenke oss å delta på, og vi håper derfor at det også fell i smak for resten av PG Norge.

Vi avslører ikkje absolutt alle detaljane enda, må spare nokre godbiter til dagane som kjem framover også no, så følg med her og på våre Facebook sider for å halde deg oppdatert.

Dei siste laaaangtidsprognosene for veret denne helga ser lovande ut, så om alt fortset å klaffe så vert det episk flyging i Sunnmørsalpane siste helga i mai.

Kommenter