Foreløpige resultat Masters

Då er vi ferdige med scoringa av årets Masters of the Strong lift og dykk kan finne dei midlertidige resultata ved å følge desse linkane : Dag 2, Dag 3 og Samanlagt. Klagefrist er sett til klokka 2400 i morgon 29.05, klager kan framsettast til vår mailadresse post@teamxc.no

Vi har no scora etter same oppsett som for ei runde i Norgescupen slik at reglane skal vere kjent for dei fleste, dersom vi ikkje mottek nokre klager vil resultata verte kjent som endelege og vi vil sende over til FAI for registrering der. Der var ikkje mange poeng utdelt på søndagen, dette fordi at dersom ei oppgåve vert stoppa før den har vart i ein time så vert der ikkje delt ut noko poeng. Men om ein skal legge innsats og svette til grunn (som ein sjølvsagt burde) så skulle alle hatt 1000 poeng denne dagen.

Endeleg oppsett av vinnarar i alle klasser vert foretatt med pomp og prakt når resultata for FAI-2 konkurransen er gjeldande.

Kommenter