Godtur frå Bismo

Der var tre karer frå teamet som hadde anledning til å hive seg rundt og køyre til Bismo på ein dag som Leif Gunnar vurderte til å ha godt potensiale.

Leif Gunnar, Arne Christian og Jens Petter tok av og skrudde seg opp i lag og flaug austover via Grimsdalen, som det viser seg at framleis er vinterstengt, noko vi i ettertid berre kan vere glade for at vi ikkje hadde sjekka opp i forkant. Dagen viste seg raskt å vere god så analysene stemte på ein prikk, kanskje litt for god for Leif Gunnar som fikk seg ein ti minutt lang time-out i det kvite rommet kor han klokka ei høgde på 3950 ASL.

Etter 6,5 timer endte turen for Leif Gunnar og Jens Petter etter omtrent 145 km på samme jordet, Arne Christian valgte ei litt anna linje tidlegare og kom nok etter til at han ikkje greide å komme seg over siste cruxet og endte på omlag 110 km.

Jens Petter har jakta på 100+ dei siste 28 åra, og når han no til slutt tok den så gjorde han det med stil og forbedra sin gamle personlege rekord med 50 km, vi gratulerer så mykje. Turen heldt på å ende allerede i Finndalen, men ei skikkelig low-save redda dagen for han, som no truleg er den lengstflygande sykkylvingen i verdshistoria. 🙂

Tre slitne men nøgde karar sit no i bilen til den lokale bonden på veg til Otta, om nokon på verdsveven i området les denne og kan bistå med skyss vidare frå Otta mot Bismo så gi eit pling på FB. Det vert uansett ein hard dag på jobb for karane i morgon.

Leif Gunnar flaug sin 777 Queen2, Jens Petter sin Advance Sigma 10 og Arne Christian sin Gin Explorer.

Kommenter