Masters

Om våre Masters arrangement

Vår viktigste ambisjon med våre Masters arrangement er å forsøke å få til to årlege paraglider arrangement som har appell og relevant innhald til pilotar på alle nivå og for dei fleste greiner innanfor sporten. Arrangementa skal vere like interessante og nyttige for PP2 eleven som for den argaste og mest meritterte PP5’ar. 

Vi har valt å køyre to årlege utgåver av Masters, det første på våren i den livlige vårtermikken og det andre i den andre halvdelen av sesongen der løftet er svakare og vanskelegare å ta. Under arrangementa vert det arrangert tevlingar som er tilpassa alle nivå.

Eit viktig tilleggspoeng for oss er å bidra til at alle PP2’arar skal få ein så god og rask progresjon mot PP3 som mogleg, samtidig så kan det vere vanskeleg å få seg utsjekk på flystader som er egna for mange turar i eit komprimert tidsrom. Derfor vil våre arrangement vere gratis å delta på for alle med gyldig PP2 lisens, der vil bli gitt utsjekk dagleg og der vert også avhalde teoriprøver for alle nivå med instruktør i løpet av arrangementet.

24-27 Mai 2018

September-Oktober 2018

Kommenter