Om Team XC

Det er ein nydeleg vårdag seint i mai på Vestlandet, snøen har byrja å  trekke seg høgare opp i fjella. På fjellet Gryta rett nord for Stryn sentrum er 8 karar i ferd med å gjere seg klare. Vingar vert trekt ut av sekkar, lagt opne mot vinden og lagt forsiktig til rette i lyngen. Liner vert strekte og kontrollerte, radiosamband testa og Avinor varsla. Pilotane spenner seg inn i selane, tek på seg hjelmar og hanskar før dei vender blikket ut mot fjorden. Hovudvinden er kald og kjem frå fjellet, feil retning. Av og til kjenner ein likevel varmare vindpust inn frå solsida. Den varme vinden kjem og går i jamne syklusar, no handlar det om å berekne rett og ikkje gjere noko feil.

Starten er kritisk.. eit nytt varmt vindpust slår innpå, pulsen gjer eit byks og synsfeltet vert smalare, vi dreg bestemt i A-linene, vingane kjem opp mot vinden og parkerer over oss. Ein rask visuell sjekk viser at liner og duk ser greie ut, vi snur oss, legg vekta framover i selen og tek raske, bestemte steg ut mot kanten av fjellet. Vingen bit seg fast i lufta og ber oss ut frå fjellet, rett ut i stigande luft, til dei første lystige tonane frå varioen. Det knaker godt i selefesta i det vi flyg inn i det kraftige løftet , vekta godt over til sida i selen og full sving.. det går raskt oppover i dagens første, av mange, «bobler».

5 timar og 45 minutt seinare landar 4 pilotar på Stryn Stadion etter å ha lagt bak seg ein distanse på 102 km i det beste av vestlandsk natur, langs Strynevatnet til Strynefjell, tilbake forbi byggeplassen til den nye gondolbana på Hoven i Loen, til Olden og langs Oldevatnet heilt inn til Briksdalsbreen før returen til Stryn. Ny norsk rekord i FAI trekant er eit faktum med ei førehandsdeklarert rute på 85,4 km fullført.

Dette er Paragliding, dette er Team XC.

Kommenter